Hopp til innhold

Åtvarar mot vulkanutbrot i El Salvador

Styresmaktene i El Salvador ber folk i nærleiken av vulkanen Chaparrastique om å vere på vakt etter at vulkanen ser ut til å ha vakna.

Miljødepartementet i landet meldte måndag at det blei høyrt eksplosjonar i krateret til vulkanen. Men intensiteten er førebels 1 på ein skala frå 0 til 8.

Utbrotet starta søndag då vulkanen begynte å slunge ut lavasteinar og oske i nærområdet. Det er ikkje meldt om personskadar.

Førre gong vulkanen hadde utbrot, var i desember 2013.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no