Hopp til innhold

Iransk general: Over 300 drepne i demonstrasjonar

Over 300 personar er drepne i uroa rundt demonstrasjonane som har prega Iran dei siste månadane, vedgår den iranske generalen Amir Ali Hajizadeh i Revolusjonsgarden.

Dette er dei første dødstala frå offisielt hald, men dei er lågare det den USA-baserte organisasjonen Human Rights Activists in Iran har anslått. Dei reknar med at 451 demonstrantar og 60 personar frå tryggingsstyrkane er drepne i uroa til no.

Iran har vore prega av store demonstrasjonar mot regimet etter at 22 år gamle Mahsa Amini døydde i moralpolitiets varetekt i september.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no