Hopp til innhold

VG: FHI tilbyr sluttpakkar til tilsette

Folkehelseinstituttet har varsla store kutt etter eit stramt statsbudsjett. No får alle som har vore tilsett i minst eitt år tilbod om sluttpakkar, skriv VG.

Hovudtillitsvald i Legeforeningen i FHI, Hilde Risstad, seier til avisa at ho fryktar kutta skal gå ut over beredskapen.

– Sjølv om den politiske beskjeden er at vi skal prioritere overvaking og beredskap, er det nettopp desse områda som bli hardast ramma, seier ho.

Ei risikovurdering konkluderer med at kutta vil føre til høg risiko og uvisse knytt til FHIs oppgåver.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no