Hopp til innhold

Framleis målingsflekkar på Monolitten

Mesteparten av målinga Stopp oljeletinga brukte då dei grisa til Monolitten og andre statuar i Vigelandsparken, er no fjerna. Men noko av målinga har trekt inn i overflata til steinen og er vanskeleg å fjerne, seier museumsleiar Jarle Strømodden ved Vigeland-museet til NTB.

– I aksjonen blei det brukt vassmåling, og det etterlatne inntrykket er at dette er måling det er enkelt å spyle bort frå steinen. Det stemmer ikkje, seier han.

Han seier at dei må bruke sterke kjemikaliar for å få bort all målinga, og at dette kan kome til å skade kunstverka.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no