Hopp til innhold

Attvald for sjette gong

Ekvatorial-Guineas president Teodoro Obiang Nguema Mbasogo er attvald for ein sjette periode. Han fekk 94,9 prosent av stemmene, ifølgje valkommisjonen.

Obiang er den sitjande presidenten i verda som har hatt makta lengst, og det låg an til at han skulle få endå ein sjuårsperiode etter valet førre helg.

Valkommisjonen kunngjorde dei endelege resultata laurdag og hevda samtidig at valdeltakinga enda på 98 prosent.

Ved førre val i 2016 enda Obiang opp med 93,7 prosent av stemmene, ifølgje dei offisielle resultata.

FILE PHOTO: Equatorial Guinea's President Teodoro Obiang Nguema Mbasogo attends the plenary session of the Paris Peace Forum
Foto: POOL New / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no