Hopp til innhold

Amerikanske medium: Pelosi trekkjer seg

Amerikanske medium opplyser at Nancy Pelosi, demokrat og leiaren for Representantanes hus, klokka 18.00 norsk tid skal halda ein tale om framtidsplanar. Dei erfarer at ho kjem til å trekkja seg.

Nyheitsnettstaden Puck erfarer at Pelosi vil støtta Hakeem Jeffries som ny leiar.

Samstundes har ein talsmann reagert på meldinga frå Puck.

– Alle som fortel kva ho vil gjera, lyg, skal talsmannen sagt ifølgje Reuters.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no