Hopp til innhold

Turistar tekne som gissel i Peru

Urfolk i Perus Amazonas har teke opp mot 150 turistar som gislar i byen Cuninico, ifølge lokale medium.

Gislane blei tekne for å protestere mot at styresmaktene ikkje har ytt bistand etter eit oljeutslepp i området, melder AFP.

Turistane reiste med ein elvebåt då blei tekne. Blant gislane er statsborgarar frå USA, Storbritannia, Spania, Frankrike og Sveits. Det er kvinner og barn blant dei tekne.

Ifølge eit augevitne har gislane fått melding om at dei skal haldast i seks til åtte dagar, fram til ein har kome fram til ei løysing med styresmaktene.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no