Hopp til innhold

Mannen mistenkt for å ha skote Imran Khan er skoten og drepen

Mannen som er mistenkt for å ha skote Pakistans tidlegare statsminister Imran Khan i beinet er skoten og drepen, melder AFP.

Khan blei skoten medan han haldt ein tale til ei stor mengde støttespelarar i Wazirabad i dag. Han var seks dagar inn i ein større ferd med fleire bilkolonner frå Lahore til Isalamabad. Formålet med ferda er å utfordra nåverande statsminister Shahbaz Sharif si regjering og få gjennomslag for eit nytt val, skriv Sky News og The Independent.

Støttespelearane meiner skotet mot Khan var eit drapsforsøk.

Khan sat som statsminister i Pakistan frå 2018 til april i år, og måtte gå av etter ei mistillitsavstemming i nasjonalforsamlinga.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no