Hopp til innhold

Staten har seld halvparten av aksjane sine i Aker Solutions

Staten har seld halvparten av aksjane sine i Aker Solutions ASA til ein sluttsum på 1,2 milliardar kroner, kjem det fram i ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Totalt har staten seld 30,1 millionar aksjar i selskapet, og har nå ein eigardel på 6,1 prosent med 30.092.943 aksjar.

– Regjeringa har ein pragmatisk tilnærming til kva staten skal eige og det kan bli aktuelt å både auke og redusera statens eigarskap i enkeltselskap alt etter kva som er verdiskapande og av strategisk interesse for Noreg, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

– Når det gjeld Aker Solutions har staten ein relativt liten aksjepost med avgrensa innflytelse. Selskapet har ei god utvikling den seinare tida og derfor har me gjort denne handelen nå, seier Vestre.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no