SSB: Unge kvinner har dårlegare helse enn for 20 år sidan
I ein rapport frå SSB skriv dei at mange kvinner lev med smerter og plager. I alderen 16–24 seier halvparten at dei er plaga med varige og tilbakevendande hovudsmerter.
Unge kvinner har i dag litt dårlegare helse samanlikna med jamaldrande kvinner for 20 år sidan.
– Sjølv om dei fleste meiner at dei har god helse, er det mange kvinner som seier at dei blir plaga av symptom som magesmerte, hovudverk, søvnvanskar og andre smerter i kroppen, seier seniorrådgivar i SSB Elin Skretting Lunde i rapporten.
Lunde seier at plagene truleg handlar om skulerelatert stress, krav og press knytt til utsjånad og kropp.
– Omfanget og auking i plagar må også sjåast i samanheng med at stadig fleire unge slit med psykiske plager, seier Lunde.
Dette er nokre av funna som er omtalt i rapporten «Kvinners liv og helse siste 20 år», som SSB har utarbeida på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.