Hopp til innhold

Tolv døde etter brann i karaokebar i Vietnam

Tolv personar omkom og tolv vart skada etter ein brann i ein karaokebar i landsbyen Thuan An sør i Vietnam tysdag kveld, lokal tid.

Naudetatane leitar framleis etter personar i karaokebaren, seier den offentlege tenestepersonen Nguyen Thanh Tam til AFP tysdag kveld.

Brannen ramma heile bygget på tre etasjar. Tilsette på karaokebaren prøvde utan hell å sløkkje flammane, men dei spreidde seg raskt gjennom bygningen, og både tilsette og kundar vart stengde inne. Det skriv NTB.

Årsaka til brannen er ikkje kjend, men ifølge Tam jobbar dei med å finne ut av dette.

Tolv død etter brann i karaokebar i Vietnam
Foto: STR / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no