Hopp til innhold

Siemens Energy: Nord Stream 1 kan framleis senda gass til Europa

Det statlege, russiske gasselskapet Gazprom sa laurdag at selskapet Siemens Energy var med på å reparera skadane på røyrleidningen Nord Stream 1, som leverer gass til Europa, melder Reuters.

Siemens Energy seier også at dei ikkje har blitt spurt om å utføra reparasjonar på leidningen, skriv Reuters.

I går sa Gazprom at dei blei nøydde til å stoppa gassleveransen gjennom røyrleidningen Nord Stream 1 på grunn av oljelekkasje under ein rutinesjekk. Laurdag sa gasselskapet at dei vil senda 42,7 millionar kubikkmeter naturgass til Europa via ein gassleidning i Ukraina.

Tysdag stengde Gazprom leveransen av gass til Europa på grunn av vedlikehald. Leveransen skulle etter planen starta igjen natt til laurdag.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no