Hopp til innhold

Rushdie-angripar møter i retten

Mannen som er sikta for knivangrepet mot forfattaren Salman Rushdie førre veke, Hadi Matar (24), skal møta i retten torsdag klokka 19.00 (13.00 lokal tid), melder Reuters.

Matar blei torsdag tiltat av ein storjury for knivstikkinga av Rushdie under eit foredrag i Chautauqua i delstaten New York førre fredag, skriv CNN.

Matfars forsvarar, Nathaniel Barone sa til Reuters klienten hans er tiltat på eit punkt for andregrads drapsforsøk og eit for andregrads overfall.

Den sikta møtte i fylkesretten laurdag og erkjende ikkje straffskyld på nokon av punkta. Matar er varetektsfengsla utan moglegheit for kausjon.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no