Hopp til innhold

Dagbladet: Lan Marie Berg stiller som ny nestleiar i MDG

Lan Marie Berg bekrefter til Dagbladet at ho stiller som ny nestleiar i Miljøpartiet dei grøne (MDG).

Berg sa tidlegare i dag at ho stiller seg til disposisjon for valkomiteen, men at ho ikkje ville søka å bli leiar i partiet.

Une Bastholm kunngjorde tidlegare i dag at ho trekk seg frå vervet som leiar for MDG for å få meir tid til barna og å vera folkevalt på Stortinget. Noverande nestleiar Arild Hermstad tar over leiarvervet etter Bastholm fram til landsmøtet har bestemt kven som skal overta leiarrolla.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no