Hopp til innhold

Scholz vil ikkje nekte russarar innreise til EU

I dag har det vore møte mellom dei fem nordiske statsministrane og den tyske forbundskanslaren Olaf Scholz i Oslo.

Der har dei blant anna snakka om den nye sikkerheitssituasjonen i Europa og forholdet til Russland.

Fleire europeiske land, inkludert den finske statsministeren Sanna Marin, vil at russiske turistar skal bli utestengd frå EU, skriv nyheitsbyrået Reuters. Det er ikkje den tyske forbundskanslaren heilt einig i.

– Det er viktig for oss å forstå at det er menneske som flyktar frå Russland fordi dei ikkje er einige med det russiske regimet, sa Scholz og la til:

– Alle avgjersler vi tar bør ikkje gjere det vanskeleg å forlate landet, eller kome seg vekk frå diktaturet i Russland.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no