Hopp til innhold

Norsk journalist arrestert i Afghanistan

Ei gruppe afghanske og internasjonale journalistar vart i dag arresterte av sikkerheitsstyresmakter i Kabul. Journalistane dekka ein demonstrasjon for kvinners rettigheiter.

– Vi er også kjent med at ein norsk journalist var blant dei anholdte, seier pressetalsperson i Utenriksdepartementet Ane Haavardsdatter Lunde til NRK.

Etter det Utenriksdepartementet kjenner til var journalistane i varetekt i nærmare ti timar før alle vart lauslatne, opplyser UD.

I videoar frå demonstrasjonen som er publiserte på internett kan ein sjå afghanske kvinner som demonstrerer og roper slagord mot Taliban og som seier at det har vore eit mørkt år for kvinner.

Så ser ein at Taliban skyt i lufta og jagar dei vekk.

NRKs midtaustenkorrespondent Yama Wolasmal var ein annan stad i landet då arrestasjonane fann stad, men har snakka med afghanske kollegaer som vart gripne i samband med demonstrasjonen.

– Ein av dei fortalde meg at han var skubba til av Taliban. Dei og tok frå han kamera og utstyr og tok han med til politistasjonen. Der vart dei haldne eit kvarters tid. Bileta dei tok vart sletta og den lokale kommandanten oppfordra dei lokale journalistane til å ikkje å dekke denne typen demonstrasjonar fordi han meiner det skadar landets omdømme, seier Wolasmal.

Det var rundt 40 kvinner som hadde samla seg ved bygget til utdanningsdepartementet i Kabul for å demonstrere laurdag formiddag. Fleire kvinner vart slått då soldatar avbraut demonstrasjonen, skriv NTB.

Etter at Taliban tok makta i Afghanistan i fjor har dei tatt ifrå kvinner i landet fleire rettigheiter.

Mange jenter og kvinner blir nekta undervisning, medan andre har mista jobbane sine. Alle kvinner har fått ordre om å dekke seg til i offentlegheita.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no