Hopp til innhold

Bidens klima- og helseplan godkjent av Kongressen

Eit fleirtal i Representantanes hus i USA har godkjend president Joe Bidens klima- og helseplan «Inflation Reduction Act», skriv CNN.

220 stemte for, og 207 stemte mot langs partilinjene. Fire republikanarar avstod frå å stemma.

Planen blei søndag godkjend i Senatet, som betyr at avtalen nå er klar for Bidens endelege signering.

Avtalen kan bli den største klimapakka i USA si historie, med nasjonale utsleppskutt på 40 prosent innan 2030, ifølge demokratane. Fleire analytikarar stiller seg nå bak dette anslaget, etter å ha gått gjennom lovforslaget, skriv The Atlantic.

I avtalen er det også planar om store endringar i helsepolitikken, der ein mellom anna vil gje amerikanarane tilgang til billegare medisin.

Utgiftene er estimert til rundt 430 milliardar dollar, men dei forventa inntektene er på meir enn 700 milliardar.

Biden har tidlegare sagt at han vil skriva under avtalen så fort Kongressen har godkjend lovforslaget.

Nancy Pelosi og kongressmedlem viser fram signerte Inflation Reduction Act
Foto: Mariam Zuhaib / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no