Hopp til innhold

Erklærer tørke i deler av England

Myndigheitene i Storbritannia har erklært tørke i fleire deler av England, og ber bedrifter og innbyggjarar i utsette område om å vera varsome med bruken av vatn, melder Reuters.

Tørke-erklæringa kjem etter ein lengre periode med tørt og varmt vêr, og gjeld for deler av sørvestlege, sørlege, sentrale og austlege England. Den viktigaste vassforsyninga er framleis trygg, men myndigheitene følg med på situasjonen, sa miljø- og landbruksminister Steve Double i ei utsegn.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no