Hopp til innhold

Amnesty i Canada tar avstand frå omstridt Ukraina-rapport

Amnesty International Canada skriv i ei pressemelding at dei tar avstand frå den omstridde Amnesty-rapporten om krigen i Ukraina, som konkluderte med at det ukrainske militæret sine taktikkar set sivile liv i fare ved å setta opp militærbasar i bustadområde.

– I ein kvar konfliktsituasjon er Amnestys primære fokus å beskytta menneskerettane og sivile, spesielt dei som er mest sårbare og utsette. Sjølv om dette var intensjonen med forskinga og den utvida pressemeldinga mislykkast Amnesty International på fleire frontar, skriv leiinga i meldinga.

Vidare skriv dei at det går føre seg viktige diskusjonar i Amnesty for tida, og at det vil bli ein intern gransking av organisasjonen som følge av rapporten.

– Å halde oss sjølv ansvarlege krev ein omfattande og uavhengig gjennomgang dei interne prosessane som bringa oss til denne staden, skriv dei, og hintar til at arbeidet med rapporten har vore for sentralstyrt.

Generalsekretær for Amnesty Noreg, John Peder Egenæs, bekreftar ovanfor Morgenbladet at organisasjonen vil gjennomføra ei intern gransking. Fleire nasjonale avdelingar har etterspurt ei slik gransking, fortel Egenæs til NTB, mellom anna Amnesty i Noreg.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no