Hopp til innhold

Tonnevis med død fisk funne på grensa mellom Tyskland og Polen

Tonnevis med død fisk har blitt henta opp av elva Oder på grensa mellom Tyskland og Polen, melder Reuters.

Lokale myndigheiter åtvarar folk frå å gå ut i vatnet. Myndigheitene i Polen har lova å undersøka årsaka for fiskedøden.

Frivillige og sportsfiskarar har fjerna minst 10 tonn av død fisk frå den 200 kilometer lange strekninga av elva nord for Olawa i det sørlege Polen, fortalde leiaren for det statlege byrået som forvaltar polske farvatn, Przemyslaw Daca, torsdag.

Daca har kalla situasjonen ei økologisk katastrofe.

Miljødirektoratet har varsla påtalemyndigheita om potensiell forureining av landets nest lengste elv. Polens statsminister Mateusz Morawiecki har lova straff til dei som eventuelt står ansvarlege.

Ifølge biologen Ewa Drewniak har det blitt funne døde fisk i Oder-elva dei siste to vekene, og skuldar regjeringa for å handla for treigt.

– Eg har sett masse folk som har bada i elva for ei og ei halv veke sidan. Dei visste ikkje noko om faren. Det er ei skandale, seier Drewniak.

I Tyskland har ein i fleire område rundt elva åtvara innbyggjarane om verken å bada i, eller eta fisk frå elva fram til årsaka for fiskedøden blir kjend.

Død fisk i bredden av ei elva Oder.
Foto: ANNEGRET HILSE / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no