Hopp til innhold

Nye åtak mot atomkraftverket Zaporizjzja

Det stadfestar det ukrainske statlege energiselskapet Energoatom og russiske medium.

Energoatom sa at kjernekraftverket var blitt angripe fem gonger. Åtaka skal ha skjedd nær der dei radioaktive materiala er lagra. Dei la til at ingen var skadde og at situasjonen var under kontroll.

Ukraina skuldar russiske styrkar for åtaket.

Det russiske nyheitsbyrået Tass melder på si side at det er ukrainske styrkar som har angripe kjernekraftverket to gonger i dag.

Strålinga rundt området skal vere «normal», ifølge ein russisk talsperson, melder AFP.

Kjernekraftverket held til i eit russisk-kontrollert område i Ukraina.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no