Hopp til innhold

Nyoppdaga virus i Kina

Eit nytt virus er identifisert hos folk i Kina. Viruset har namnet Langya henipavirus og vitskapsfolk følger nøye med.

Det er registrert 35 tilfelle i dei kinesiske provinsane Shandong og Henan, ifølge BBC.

Det er mistenkt at folk har blitt smitta frå dyr. Forskarar har oppdaga viruset hovudsakleg hos spissmus.

Dei smitta skal ha symptom som feber, utmatting og hoste, men skal ikkje vere i livsfare. Det ser ikkje ut som viruset smittar mellom menneske.

Helsestyresmakter i Taiwan sa søndag at dei overvaker utviklinga nøye.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no