Hopp til innhold

FHI følger med polio-utvikling etter funn i Storbritannia

Etter funn av poliosmitte i kloakken i London, blir alle barn mellom eitt og ni år i byen no tilbydd ein boosterdose av poliovaksinen, skriv Guardian. Også i New York har det vore funn av polio.

I Noreg har det ikkje vore poliosmitte sidan 1969, med unntak av enkelte importerte tilfelle.

– Vi følger likevel godt med sidan polio framleis finst i verda, og også fordi land nærmare oss opplever å finne viruset, skriv avdelingsdirektør i FHI, Are Berg i ein e-post til NRK.

Han legg til at funna i New York og London truleg stammar frå folk som har fått ein type vaksine med eit svekka virus som i sjeldne tilfelle kan spreie seg.

Denne typen vaksinen blir ikkje nytta i Noreg eller i Europa, og tilfella stammar dermed truleg frå andre land, skriv Berg til NRK.

– Det er også viktig å påpeike at dei ikkje har påvist sjukdom, berre viruset, legg Berg til.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no