Redningsaksjon: Tre personar fall av båt i Bjørnafjorden
Alle naudetatar er på veg mot tre personar som har fall av ein båt i Bjørnafjorden.
Dei tre skal ha på seg flyteutstyr, men dei flyt vekk frå båten dei var om bord i, skriv Vest politidistrikt.
Luftambulanse har oversikt over personane og det er andre båtar på veg til staden for å berga dei.
Klokka 19.50 skriv politiet at dei tre er tekne opp i ein annan båt. Dei vil bli frakta til land og skal vere uskadde.