Fare for flaum på Helgeland og i Salten
Det er sendt ut farevarsel på oransje nivå om flaumfare for nordlege delar av Helgeland og sørlege Salten. Faren aukar onsdag formiddag og varer til torsdag morgon, ifølge Varsom.
Vassføringa er venta å auke i bekkar og elver på grunn av svært mykje nedbør. Det er venta større vassføring enn det som er normalt for årstida.