Efta-domstolen meiner Nav bruker trygderegel feil
Overgangsstønaden for einslege forsørgarar er ein del av EØS-avtalen, slår Efta-domstolen fast.
Stønaden blir gitt til einslege foreldre med barn under åtte år.
Noreg kan ha praktisert regelen feil sidan EØS-avtalen trådde i kraft i 1994, skriv Rett24.
Efta-domstolen kom nyleg med ei rådgjevande fråsegn etter at ei svensk kvinne klaga på eit avslag om overgangsstønad.
Ho flytta til Noreg, fekk barn, og blei seinare einsleg forsørgar.
Kvinna fekk avslag fordi folketrygdelova kravde tre års medlemskap i det norske trygdesystemet, men ho meinte tida hennar i Sverige burde telje med på grunn av EØS.