Hopp til innhold

Brann i valseverket til Speira på Karmøy

Politiet i Sør-Vest har fått melding om brann i ein omn i eit valseverk innanfor fabrikkområdet til Hydro på Karmøy. Det er selskapet Speira som er ansvarlege for valseverket.

– Brannvesenet har starta innsats med røykdykkarar, men det skal ikkje vere fare for at brannen spreier seg, fortel operasjonsleiar Toralv Skårland til NRK.

Folk inne i det aktuelle bygget med valseverket er evakuerte, men det er per no ikkje nødvendig å evakuere andre frå industriområde på Karmøy, opplyser politiet. Ingen er skadde.

– Per no er det kontroll på situasjonen, men det kan endre seg, seier Skårland.

I valseverk blir aluminium, mellom anna frå norsk pant, resirkulert og tilarbeida til aluminiumsplater.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no