Sverige: Brann i industribygg – E6 stengd
Det brenn i eit industribygg i Kållered sør for Göteborg. Europaveg 6 er stengd i begge retningar og vil vere det fram til klokka 15 på grunn av brannen, skriv SVT.
Brannen brøyt ut i dag tidleg i eit lokale som sel campingvogner. Det er lange køar på vegen, melder SVT.
Ifølge Aftonbladet er det 20 einingar som jobbar for å sløkke brannen. Bebuarar i nærleiken blir oppmoda til å halde seg innandørs.