Hopp til innhold

Huitfeldt om Gaza: – Sterkt bekymra for eskaleringa

– Eg er sterkt bekymra for eskaleringa i og rundt Gaza, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) i ei pressemelding.

Utsegnet kjem etter at det fredag vart registrert fleire luftangrep i Gaza.

Ho ynskjer å oppfordre dei involverte til å redusere spenningane og beskytte sivilbefolkninga.

Fleire rakettar har blitt sende frå Gazastripa mot Israel. Minst ti personar vart drepne, inkludert ein toppleiar av Islamsk Jihad.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no