Hopp til innhold

Sverige: 20 barn matforgifta på fotballcup

På ein fotballcup i Luleå i Sverige skal 20 barn ha blitt frakta til sjukehus med akutt matforgifting fredag kveld. Det melder SVT.

– Dei fall saman ein etter ein, og spydde på fotballbana, seier cupansvarleg Tobias Skogsberg til Aftonbladet.

Fleire av barna blei på sjukehuset over natta. Ifølge avisa åt barna spaghetti med kjøttsaus, servert frå eit cateringfirma.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no