Hopp til innhold

Kvinne i 30-åra knivstukken i Bergen

Ei kvinne i 30-åra skal ha blitt knivstukken i ei leilegheit på Minde i Bergen. Politiet er i kontakt med den fornærma. Det verkar ikkje som vedkommande er livstruande skadd, melder dei.

Den skadde melde sjølv frå om hendinga frå ei anna adresse enn der knivstikkinga skal ha skjedd.

Operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt seier at dei jobbar med å få avklart kva som har skjedd, men at det ikkje er fare for andre.

Kvinne knivstukken på Minde
Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no