Hopp til innhold

Dansk TV 2: Klart fleirtal for SAS-avtale – ingen ny streik

Partane i pilotstreiken har sagt ja til den nye SAS-avtalen, melder danske TV 2.

Ved midnatt var det frist for uravstemminga om arbeidsavtalen mellom SAS og pilotforeiningane i Norge, Sverige og Danmark.

Streiken til SAS-pilotane i juli varte i 15 dagar. Dersom partane ikkje hadde blitt einige, kunne det ha blitt ein ny streik. Det blir det altså ikkje.

Leiar i SAS Norge flygarforeining, Jan Levi Skogvang seier i ei pressemelding at det endelege resultatet sannsynlegvis vil vere klart på tysdag, sidan SAS har konkursvern i USA.

Han seier at tariffavtalen vil vare i 5 år frå 1. oktober 2022.

– Vi er fornøgde med å ha fått til ein avtale, der den norske arbeidslivsmodellen ikkje lenger blir utfordra av SAS-leiinga, seier Skogvang.

560 oppsagde pilotar vil no få tilbod om å komme tilbake til SAS.

– Resultatet frå avstemminga viser også stor ansvarlegheit for selskapet som no er i ein vanskeleg situasjon, seier Skogvang.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no