Hopp til innhold

Brann i Askim

Det brenn i ein bygning i Glomvikvegen i Askim. Huset skal vere fullstendig overtent. Naudetatane er på staden. Bebuaren er ikkje heime, melder politiet på Twitter.

Brannvesenet har starta utvendig sløkking, og røykdykkarar har vore inne i bustaden, men måtte trekke ut på grunn av varmen.

– Det ser ikkje ut til å vere spreiingsfare, i og med at vi har god effekt av utvendig sløkking, seier operatør ved Øst 110-sentralen, Morten Nilsen til NRK.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no