Hopp til innhold

Person omkom i drukningsulukke i Asker

Personen som vart funnen i vatnet i Asker er erklært død, opplyser politiet.

Vedkommande vart frakta til land, og det vart forsøkt med livreddande førstehjelp på staden.

Politiet opplyser om at funn på staden tyder på at personen fall i vatnet frå ei brygge ved båthamna på Nærsnes.

Dei seier det var forbipasserande som drog personen opp frå vatnet og starta livredding.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no