Hopp til innhold

Nakstad om apekoppar-forslag: Bør bli innført raskt

FHI og Helsedirektoratet føreslår å definere apekoppar som ein allmennfarleg smittsam sjukdom i samsvar med smittvernlova.

– Det betyr at personar som er smitta av apekoppar, eller bur saman med smitta personar, får fleire rettigheiter. Mellom anna blir testing og vaksine gratis, fortel assisterande helsedirektør Espen Nakstad i Helsedirektoratet til NRK.

Nærkontaktar vil også få rett til sjukepengar om dei jobbar med menneske eller dyr, ifølge Nakstad.

– Vi har anbefalt at dette blir innført raskt, sidan utbrotet framleis veks i Europa og i Noreg.

64 personar har no fått påvist apekoppar i Noreg. Det er 23.000 påviste tilfelle totalt i verda.

– Vi har eit pågåande utbrot i Noreg som er beskjedent, men som har auka, seier han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no