Hopp til innhold

Hurtigruten: «Lettare grunnberøring»

Hurtigruten skriv i ei pressemelding at dei hadde ei «lettare grunnberøring» i Steinsundet på Vestlandet.

Ingen er skadd i hendinga, og det er ingen fare for mannskapet om bord.

Skipet ligg stabilt, og slepeassistanse er tilkalla, opplyser dei vidare.

Motor og framdriftssystem fungerer, og kapteinen har kontroll over situasjonen.

MS «Richard With» er for tida ikkje i ordinær drift, og det er ingen passasjerar om bord. Berre mannskapet på skipet, og det skal vere snakk om 70 personar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no