Hopp til innhold

TV 2: Hurtigruten har grunnstøtt i Sognefjorden

Eit skip frå Hurtigruten har grunnstøtt i Ytre Steinsund i Sognefjorden, melder TV 2.

– Vi er kjende med at ein båt har grunnstøtt i Steinsundet, opplyser redningsleiar i Hovudredningssentralen (HRS), Per Hogneland til kanalen.

Det er Hurtigruten «Richard With» som har grunnstøtt.

– Vi har ingen informasjon om at den tek inn vatn, og vi har heller ingen indikasjon på at nokon er skadd, seier Hogneland.

HRS har ressursar på veg til staden.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no