Hopp til innhold

FN-ekspert: Rwanda har angripe soldatar i Kongo

Troppar frå Rwanda skal ha angripe soldatar i DR Kongo, ifølge ein rapport frå ein uavhengig ekspert som jobbar for FN, melder AFP.

Dei rwandiske troppane skal ha støtta den væpna gruppa M23, som er aktiv aust i Kongo. Ifølge rapporten, som AFP har fått tilgang til, har rwandiske troppar operert i Kongo sidan iallfall november 2021, og fungert som støtte for opprørsgruppa M23.

I går blei talspersonen for FNs fredsbevarande styrker i Kongo (Monusco), bedt om å forlata landet etter «ufine og upassande kommentarar».

Førre veke braut det ut valdelege protestar mot Monusco aust i Kongo, og Monusco-basen blei storma. 36 personar døyde i opptøyane, inkludert fire FN-soldatar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no