Hopp til innhold

Viktig Alzheimer-forsking kan vera bygga på forskingsjuks

Ein viktig del av forskinga på Alzheimers sjukdom dei siste 16 åra bygd på resultat som nå blir skulda for forskingsjuks, skriv Khrono.

Mange tusen personar har delteke i forsøk, mellom anna 50 nordmenn, skriv avisa.

Saka blei først omtala i tidsskriftet Science, som sett store spørsmålsteikn ved ein studie som blei publisert i 2006. Mykje av den seinare Alzheimer-forskinga er bygga vidare på denne studien.

Konklusjonen frå forskinga som blei publisert i 2006 var at avleiringar i hjerne av ein bestemt type kjemiske forbindingar (oligomer) fører til såkalla plakk og er ein viktig årsak til minnetap ved Alzheimers. Funna har ikkje blitt bekrefta sidan, skriv Khrono.

Andre uavhengige studium har underbygga at oligomer har betydning for skadar på nervecellene ved Alzheimers. Desse studiane har vore viktige for den utprøvande behandlinga av sjukdommen.

Framover blir det ein viktig oppgåve å kartlegga om funna og konklusjonane på dette feltet må revurderast, seier avdelingsleiar ved nevrologisk avdeling på Akershus universitetssjukehus Tormod Fladby til Khrono.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no