Hopp til innhold

Åtvarar mot omreisande arbeidarar som tilbyr handverkstenester

A-krimsenteret i Stavanger rår ifrå folk å kjøpa billige handverkstenester frå omreisande arbeidarar. Dei kjenner til useriøse aktørar i Stavanger-området, skriv dei i ein pressemelding.

Ifølge A-krimsenteret tilbyr arbeidarane måling av hus, spyling av tak og andre vedlikehaldstenester.

– Tilbod frå omreisande handverkarar kan ofte vera svart arbeid. Som forbrukar mister ein rettane sine ved å bruka slike tenester, seier senterleiar for A-krimsenteret i Stavanger, Åslaug Høgemark.

I tillegg er fleire av dei ufaglærte, og det vanskeleg å finna dei igjen om ein er misnøgd med resultatet, seier Høgemark.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no