Hopp til innhold

India strammar inn på korneksport

India vil stramme ytterlegare inn på eksporten av korn for å verne landet frå enorme prisstigingar.

Landet har allereie sette i verk avgrensingar på eksporten av kveite, ettersom krigen i Ukraina har ført til at kveite har blitt ein mangelvare i verda.

Styresmaktene krev no kveiteeksportørar søker om løyve, i eit forsøk på å halde kontroll over kveiteprisane i landet.

India er etter Kina, det landet som produserer mest kveite i verda. Ut av 109 millionar tonn kveite, var det i fjor 7 millionar tonn som blei eksportert.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no