Hopp til innhold

SAS: 200 flyteknikarar har gått ut i sympatistreik

200 danske flyteknikarar har gått ut i sympatistreik. Bak streiken står Danske Metal. Det melder Sveriges Radio.

Flyteknikarane som streikar i sympati med SAS-pilotane har ansvaret for fleire fly i dotterselskapet til SAS. Om partane i arbeidskonflikten ikkje finn ei løysing, vil ikkje desse flya kunne vere i ordinær trafikk, ifølge Danske Metal.

Fly treng service kvar tredje dag for å kunne vere i ordinær trafrikk. Får dei ikkje det, må flya bli på bakken.

SAS på si side har opplyst at dei har funne ei løysing slik at sympatistreiken ikkje vil råke fleire SAS-fly.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no