Hopp til innhold

Tog har spora av på Trondheim S

Det er ei vogn på eit tømmertog som har spora av på Trondheim Stasjon. Det fortel pressevakt Thea Rønneberg i Bane Nor til NRK.

– Det er ei vogn som har spora av. Det er færre spor i bruk no og det kan medføre nokre forseinkingar, seier ho.

Hendinga fører til at eitt spor er mellombels stengt. Bane Nor skriv på sine heimesider at dei jobbar med å rette feilen, men at det vil ta tid.

– Det går tog, men det er berre færre tog. Det er vanskeleg å seie kor lang tid det vil ta, seier Rønneberg.

NRK har vore i kontakt med ein passasjer som fortel hen sit på eit nattog frå Oslo som ligg fast på Heimdal stasjon like sør for Trondheim. Ifølge tipsar er toget «stappfullt av frustrerte reisande».

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no