Hopp til innhold

Danmark sin statsminister: – Heile Danmark er med dykk

Danmark sin statsminister Mette Frederiksen heldt tale under minnestunda etter skytinga i København.

Ein 17 år gammal gut, ei 17 år gammal jente og ein 47 år gammal mann blei drept under skytinga søndag.

– Vi sender varme tankar og medkjensle til de som er pårørande, som måtte vente i uvisse på livsteikn. Og mest av alt til de som mista dykkar kjære, sa ho og heldt fram:

– De skal vite at heile Danmark er med dykk. Vi sørger med dykk og deler dykkar smerte.

Fredriksen takka politi, ambulansefolk og andre menneske som stilte opp under skytetragedien på kjøpesenteret.

Mette Frederiksen holder tale utenfor Field's
Foto: PHILIP DAVALI / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no