Hopp til innhold

Britiske ministrar trekker seg

To ministrar frå Boris Johnson si regjering trekker seg i protest mot statsministeren.

Både helseminister Sajid Javid og finansminister Rishi Sunak melder om sine avgangar på Twitter, og deler sine avskjedsbrev.

Der kjem dei med krass kritikk mot statsminister Boris Johnson.

– Det har vore eit stort privilegium å ha denne rolla, men eg kan ikkje lenger halde fram med godt samvit, skriv Javid.

– Det er klart for meg at denne situasjonen ikkje vil endre seg under di leiing, og du har derfor mista min tillit, held han fram.

Sunak skriv at han innser at det kanskje blir hans siste ministerjobb, men at han meiner at «desse standardane» er verdt å kjempe for, og derfor går han av.

Stasminister Boris Johson sammen med ministrene Rishi Sunak og Sajid Javid.
Foto: JESSICA TAYLOR / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no