Hopp til innhold

22 flyktningar frå Mali døde

22 migrantar frå Mali, inkludert tre barn, har døydd utanfor kysten av Libya. Det melder nyheitsbyrået Reuters.

Dei vart funne i ein gummibåt ni dagar etter at dei la ut på reisa.

Dei skal ha vore ein del av ei gruppe på 83 migrantar som var i nød utanfor havkysten.

61 skal ha blitt redda av Libya si kystvakt. Nokre av dei var kraftig svekka, og vart sendt til sjukehus.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no