Hopp til innhold

Fleire til sjukehus etter frontkollisjon i Verdal

Sju personar og tre bilar er involverte i ein frontkollisjon på E6 i Verdal.

– Alle er sendt til sjukehus, opplyser operasjonsleiar Trond Volden i Trøndelag politidistrikt.

Skadeomfanget kan vere alvorleg, men politiet har ikkje fått endeleg tilbakemelding frå helsevesenet.

E6 var stengt, men har no opna att. Politiet melde om ulukka kl. 15.20.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no