Hopp til innhold

TV 2: SAS-tilsette har fått permitteringsvarsel

Permitteringsvarsel er sendt til tilsette i SAS i Noreg. Det fortel kommunikasjonssjef Tonje Sund i SAS Noreg til TV 2.

Ho veit ikkje kor mange det er snakk om.

Permitteringsvarsel er eit høve som arbeidsgivar har for å beskytte selskapet i samband med ein streik, legg Sund til.

– Dette er dramatisk, ikkje berre for dei reisande, men også for dei tilsette. Det set heile selskapet i fare, seier ho.

SAS-pilotar gjekk i dag i streik etter at forhandlingane mellom fagforeiningane og SAS-leiinga braut saman.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no