Hopp til innhold

Pride-markering i London feirar 50 år – borgarmeister viste til skytinga i Oslo

London feira i dag 50 år sidan den første pride-markeringa fann stad i byen.

Borgarmeisteren i London, Sadiq Khan, seier at markeringa var den største og mest inkluderande i historia. Han seier også at det var ei påminning om naudsynet om ei open, inkluderande og aksepterande verd.

– Vi såg sist veke eit åtak i Oslo berre timar før paraden, kor to mista livet og meir enn 20 blei skada. Vi må vere bevisste om at det framleis er ein fare for dette fellesskapet, seier Khan til nyheitsbyrået AFP.

Britain Pride London
Foto: James Manning / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no