Hopp til innhold

Sian-leiar involvert i trafikkulykke

Det stadfestar politiet og Sian-leiar Lars Thorsen til NRK.

Thorsen hevdar bilisten medviten ville presse Thorsens bil ut av vegen. Ein video som den innvandringskritiske gruppa Alternativ media filma og publiserte av hendinga, viser ein bil som kom bakifrå og køyrde opp i bilen hans slik at Thorsens bil hamnar utfor vegen og deretter på taket. Kort tid tidlegare hadde Thorsen deltatt i ei markering der koranen blei brent.

Ifølge politiet er det for tidleg å fastslå kva som har skjedd.

Ein bilist involvert hadde køyrt frå staden då politiet kom der. Politiet har no kontroll på bilisten, melder dei.

Sian er ei islamfiendtleg gruppe. Thorsen er tidlegare dømt for hatefulle ytringar.

Politiet melde om ei trafikkulykke mellom to bilistar på E6 inngåande ved Mortensrud. Ulykka skapar store trafikale problem, skriv dei på Twitter.

Rekn med forseinkingar, melder Vegtrafikksentralen aust.

Thorsen
Foto: NRK-tipsar

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no